mandag 6. desember 2010

Litteraturhus og jugendhus

Kronikk av Sunniva Rogne i Sunnmørsposten, 6.12.10

Eg er ein av mange som har følgt ordskiftet om eit litteraturhus i Ålesund dei siste vekene med stor interesse. Ålesund treng eit litteraturhus, ein stad for meiningsutveksling, kunnskap, underhaldning og fellesskap. Både Bjørn Vatne og Hans Pareliussen har i sine kronikkar levert gode argument for kvifor vi treng eit slikt hus, så eg skal ikkje gå så nøye inn på den sida av saka her. I staden vil eg skissere ei mogleg løysing.
No ligg nemleg ein av dei store kulturskattane i byen ute for sal. Jugendvillaen i Kirkegata 31 blei teikna av arkitekt Carl Michalsen, og sto ferdig i 1907. Huset har vore brukt som privatbustad sidan, i familien Lieds eige. No skal det altså seljast, og her ligg etter mitt syn ein gyllen sjanse til både å verne eit bygg med stor kulturhistorisk verdi, og samstundes realisere tanken om eit litteraturhus. Eit litteraturhus i Liedvillaen ville sørgje for at huset blei brukt og tatt vare på.  Villaen står føre omfattande renovering, og skulle huset blir freda, vil det ligge sterke føringar og krav til eit slikt arbeid. Det er likevel eit fullt overkommeleg prosjekt, og reint økonomisk vil ein kome langt betre frå det enn om ein skulle setje opp eit nybygg i sentrum. Eg veit ikkje kva for ønskjer og tankar familien Lied har om huset. Men om det blei brukt til å huse ein kulturinstitusjon som kunne vere ein arnestad for intellektuell aktivitet og nyskaping, måtte vel det vere ei fin arv å gje frå seg?
Sjølve huset er stort og innhaldsrikt. Det har ei mengd stover og soverom over to etasjar. Nokre av soveromma kan til dømes brukast til kontor og utleige for lokale forfattarar, skribentar og små lag. Stovene i hovudetasjen kan opnast opp til å romme større arrangement. Her finst eit kjøken med eiga anretning som gjer det mogleg å tilby enkel servering. Her er både ein kjellar og eit loft som kan brukast til arkiv og bibliotek. Det er sjølvsagt mykje som må gjerast for å tilpasse huset til ny bruk, men det er likevel fullt mogleg å få til dette og samstundes ta vare på den opphavlege arkitekturen og utforminga.
Og så er det omgjevnadane. Villaen ligg midt i ein bydel som trengt sårt til nye initiativ og utbetring. Med planane både for sørsida av sentrum og for området rundt gamle Liaaen verft, er dette samstundes ein bydel som kjem til å vere i utvikling i åra som kjem. Det er kort veg både til sentrum og til den aukande aktiviteten på Brunholmen. Aspøyskulen, Latinskulen, kyrkja, Jugendstilsenteret og Kunstmuseet KUBE ligg bokstavleg tala eit steinkast unna. I botnen av Aspegata tek Strandgaten Brygge form, og vil romme både hotell, nye bustader og næringslokaler. I nr. 33 held Aspøy Seniorsenter til, med representantar for ei samfunnsgruppe som ikkje berre har kulturelle behov, men som også sit på ubrukte ressursar og uvurderlege erfaringar. Eit litteraturhus i Liedvillaen kan skape nytt liv og engasjement i ein bydel som har vore stemoderleg behandla i årevis.
Kanskje vil lokala etter kvart vise seg for små. Ein stad må ein likevel starte. Heller eit lite, tradisjonsrikt bygg som vert brukt til fulle, enn eit nytt praktbygg som ikkje vert utnytta skikkeleg, slik som Parken Kulturhus. Og får ein etter kvart behov for meir plass, finst det løysingar på det òg. Kva om ein tenkjer seg eit samarbeid om nye bruksmåtar for den eine verkeleg verneverdige barneskulen i Ålesund, Aspøyskulen, ein skule med ei for tida svært uviss framtid?
            Sunnmøre har lange tradisjonar for litterært og kulturelt nybrottsarbeid. På Egset i Volda starta Sivert Aarflot opp trykkeriet sitt i 1809, og Ivar Aasen gjekk for snart to hundre år sidan og sparka småstein i Hovdebygda, til han kom seg inn i biblioteket til den same Aarflot og fekk sådd spiren i seg til å verte språkforskar av internasjonalt format. På Flemsøya står ei byste over ein av dei store kulturpersonlegdomane i siste helvta av 1800-talet, Olaus Fjørtoft, makelaust skildra i Garborgs Bondestudentar. I dag har vi unge og anerkjende forfattarar som Nils-Øyvind Haagensen og Maria Parr. Og vi har sjølvsagt Harald Grytten (det hadde no vore kjekt med ei Grytten-statue utanfor Litteraturhuset i Kirkegata 31, Harald? I hjartet av bydelen du brenn slik for? Når no den hersens statua først skal opp?). Eit litteraturhus kan vere med på å hegne om og vidareføre denne arven. Store ressursar innanfor litteratur- og kulturfeltet finst allereie i regionen, klare til bruk.
Kulturell utvikling heng alltid i hop med økonomiske interesser, på eit eller anna vis. Og korleis skulle eit litteraturhus i nr. 31 finansierast, med renovering, driftskostnader og det heile? Noko fasitsvar kan eg sjølvsagt ikkje gje på ståande fot, men det er klart at den mest nærliggande løysinga er ei stifting etter mønster frå til dømes Stiftelsen Kulturkvartalet. Med ein kombinasjon av statlege, kommunale og private midlar, blanda med ein god dose engasjement og fagleg tyngd, skulle det vere mogleg å få til det meste.  
Både økonomisk og politisk vilje må vere til stades skal ein få til eit slikt prosjekt. Pareliussen skriv i sin kronikk at ”Ingenting er dessverre lettere å kutte i nedgangstider enn kulturmidlene. […] Man sparer lite, og taper uendelig mye mer.” Her kan ein godt leggje til nokre ord frå ein gamal vismann: ”Det er småe menn med småe evnor, men med høge tankar um seg sjølve som gjer slikt og som saknar respekt for det røynleg store. Og dei er alltid i fleirtal og veit å få sitt igjennom, diverre” (fritt etter Olav H. Hauge). Kva om vi no kunne samle fleirtalet om eit litteraturhus i nr. 31? Idéen er gratis.


Sunniva Rogne
Heimkomen lærar og frilansskribent



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kommenter: